Jernet og naturen sine røyster

Korleis kan naturen si rolle, som ressurs og aktør, synleggjerast i utstillingar som tradisjonelt har fokusert på menneskeleg kultur og teknologisk utvikling?

Økokritisk analyse av utstillinga på Jernvinnemuseum på Hovden i Setesdal

Yvst i dalen på idylliske Hegni, mellom høge fjell ved Hartevatn, ligg Jernvinnemuseum, kor vi finn ei utstilling som tek oss over tusen år tilbake i tid. Utstillinga handlar om jernproduksjon på Hovden frå vikingtid til mellomalder. Sjølve museumslokalet er bygd i eit mørkt treverk i ein tradisjonell hyttestil som er inspirert av naturen. Bygningen har torvtak og går i eitt med fjellandskapet. Torvtak var ein vanleg byggemåte blant anna i vikingtid, og var utbreidd i heile Norden. Ein måtte bruke det ein fann i naturen, som torv og never. I våre dagar kan ein kalle det kortreist tak. I dette området er det nok av båe torv og bjørk. Det er interessant sidan utstillinga handlar om naturressursar, og naturen brukast i bygningen. Utstillinga inviterer til refleksjon over tilhøvet mellom mennesket og naturen, og korleis naturressursar har vorte brukt gjennom tidene.

Sjølve utstillinga handlar om korleis ein oppdage jernmalm, og korleis ein produserte jern. Det er ein interaktiv utstilling, ein blir ein del av det som førgår i museumslokalet. For det første så er det ingen tilsette som styrer vitjinga. Ein låser opp døra og går inn i mørket, lyset kjem på, og ein usynleg guide byrjar si forteljing: «Du kan ikkje sjå meg, for eg har vore død i 1000 år, men eg jobba her i vikingtida…». Eg-forteljar set eit personleg preg på opplevinga av utstillinga. Vi ser gjennom han sine auger. Legg òg merke til at guiden vår snakkar nynorsk, og det er ikkje rart sidan Bykle kommune er ein nynorskkommune. Denne røysta leier oss gjennom heile utstillinga, som ser ut som ein blestertuft kor ein smelta jern frå myrmalm. Vi kan òg sjå korleis kol, som er nødvendig i smelteprosessen, blei produsert. Vi vert aktive deltakarar i utstillinga, vi høyrer lyder, kjenner lukter, og ser og kjenner røyk frå flammane. Vi er med på å plukke ved, fyre bål, eller å smi jern. Det er ei livaktig historisk oppleving.

I denne teksten vil eg undersøkje korleis utstillinga formidlar samspelet mellom jernproduksjon og natur, og korleis dette kan tolkast ved hjelp av økokritikk. Før å knyte utstillinga til økokritikk, vil eg sjå på fleire innfallsvinklar, som tilhøvet mellom mennesket og naturen, ressursbruk og berekraft før og no, kulturminna som miljøhistorie, narrativet om framgang, og estetikk og oppleving.

Tilhøve mellom mennesket og natur

Utvinning av jern var ein av dei eldste formane for produksjon i Noreg. For å kunne smelte jernmalm trengte ein kol. Dette kravde ved, og ein måtte hogge skog. Det kan vi sjå på som en nødvendig del av menneskets tilvære, låne eller ta frå naturen til sitt eige bruk. Ein lever av naturen utan å skade han. Men kor går grensa? Grensa kan definerast av lovverk eller etiske vurderingar. Dei kan vere flytande og individavhengige. Kven bestemmer kor mykje skog ein kan hogge før det vert skadeleg for naturen? Kor byrjar utnyttinga av naturen? Når vert balansen mellom naturen og mennesket øydelagd? Ein av forskarane som er opptatt av slike spørsmål er A. Næss. I sitt essay nemner han to økorørsler. Den eine er ein grunnmiljørørsle som er imot uttømming av naturressursar og forureiningar, og den andre er ei djupøkologisk rørsle som i tillegg til overforbruk og forureiningar tek for seg at det ikkje skal skje på antroposentrisk eller menneske-sentrert vis. Mennesket står ikkje over andre livsformer.

Ressursbruk og berekraft

Kva vart jern brukt til?

Ein kunne produsere omtrent alt av jern, det vil seie våpen: sverd eller økser, spyd og pilspissar som vart brukt i jakt. Ein laga òg jordbruksreiskapar for å dyrke jord, kvardagsføremål, smykkar, og mykje meir. Legg merke til at det er dobbel bruk av naturen. Det at ein produser jaktreiskap for å skaffe seg mat, er ein direkte og nødvendig bruk av naturens ressursar. Ein spør ikkje om lov for å ta i bruk naturen, ein berre gjer det, når ein sår eller høystar eller treng kjøtt eller fisk til middag. Denne doble bruken av naturen, som både kjelde til mat og materialar, illustrerer økokritisk perspektiv på menneskets tilhøve til naturen. Ifølge Økokritisk håndbok av S. Furuseth og R. Hennig tek mange miljøtekster for seg antroposentrisme som grunnproblem. Mennesket er verdens midtpunkt og naturen skal tene det sine interesser. Dette fører til utnytting av naturens ressursar. Mennesket er skapt i Guds bilete, og står difor over alt anna på jorda, blant anna naturen. Denne utstillinga illustrerer ei slik tilnærming.

Dette kan samanliknast med dagens bruk av naturressursar i form av vindkraft eller vasskraft. Det siste er særleg aktuelt oppe i dalen, kor ein lever av vasskraft, og Bykle er ein av dei rikaste kommunane i Noreg på grunn av det. Det vil seie at bruk av naturressursar har ei lang historie oppe i Setesdal. Samtidig er ein opptatt av langsiktig utvikling og bruk av inntekter for å utvikle tenester for kommunens innbyggjarar og framtidige generasjonar. Nede i dalen på Evje prøver ein å avgrense bruk av vasskraft fordi det kan skade naturen og føre til inntektsfall i turistnæring. Dette minner veldig om U. Becks teori om det moderne risikosamfunnet, kor naturen blir påverke negativt av menneskelege handlingar. Modernisering av vårt samfunn, til dømes i form av vasskraft, forbetrar våre levevilkår, men det går ut over naturen. Konsekvensane kan vere store og uunngåelege. På denne måten støtter Beck antroposentrisme.

Kulturminne som miljøhistorie

Utstillinga forteljar om teknikkar som vart brukt, og viser gjenstandar som vart laget av jern. Samtidig refererer den til alle spora som mennesket har etterlete seg i naturen i dette området. Utstillinga bør sjåast i samanheng med Vikingvegen som vart laga på Hovden langs Otra. Han byrjar på Hekni og går langsmed elva til rundkøyringa på riksveg 9 nord for Hovden sentrum. Langs stien finn vi store informasjonstavler kor vi kan lese om menneskets aktivitetar i vikingtida, og korleis dei påverke landskapet i området. Ifølge turistkontoret i Bykle bør ein besøkje museet fyrst, og spasere Vikingvegen etterpå. Det er eit ganske nytt grep i museumsverksemda å ta museets utstilling ut i naturen, utvide ho, og gjere naturen til ein logisk fortsetjing av museets lokalar. Med dette strekar ein under at alt som vert skapt av mennesket bør vere i samsvar med,  i harmoni med naturen. Mennesket og naturen kan ikkje eksistere åtskilt. Mennesket er avhengig av naturen, og er ein liten del av naturen akkurat som A. Næss peiker på i sitt essay The shallow and the deep of ecology movement.

Denne stien langs elva har eksistert veldig lenge, men desse skilta er ganske nye, og vart sette opp for nokre få år sidan. Det har alltid vore eit populært turområde, men no kan ein gå denne vegen og «få kunnskap som gjev turen nye dimensjoner», ifølge eit av skilta. Det er ikkje berre høgfjellsnatur, men naturen som berer preg av menneskets verksemd. Dette stadfestast ved hjelpe av rekonstruerte teikningar og gamle fotografi som vart tekne på Hovden. Tekstane er skrive både på norsk og engelsk. Hovden er ein kjend turistdestinasjon. Hit kjem mange turistar frå utlandet. Ved hjelp av inskripsjonar på engelsk er informasjonen om kulturminna tilgjengeleg for alle, ikkje berre for nordmenn.

Narrativet om framgong

Utstillinga viser jernvinna som eit framsteg, og det har den vore på ein måte, men samstundes kan økokritikk utfordre dette: er det framsteg eller er det byrjinga på øydelegginga av naturen som fortsett i våre dagar? Eg har vore innom dette tidlegare, då eg nemnde vind- og vasskraft. Jernreiskap vart bruk i jakt på blant anna villrein. I dag er Hovden med i prosjektet som heiter Viking og villrein, og det går blant anna på bevaring av villreinbestanden i Setesdal. Før så ein på villrein som ei kjelde til mat og skinn, men no vil ein bevare og auke talet på rein i området.

Estetikk og oppleving

Utstillinga presenterer både fjell, skog, myr og alle naturressursane på Hovden. Den viser at naturen som vi blir kjende med gjennom utvinninga av jern ikkje berre er eit bakteppe for menneskets aktivitetar, men er ein aktør i seg sjølv, som lever sitt eige liv, og ofte er avhengig av mennesket si verksemd. Utstillinga viser at vi er nøydde til å verte betre på å leve i harmoni med naturen. Vi får høyre naturen si røyst gjennom forteljinga om jernet, og korleis mennesket byrja å forme naturen etter sine behov, men naturen er sårbar, og toler lite. Det lærer vi gjennom jernvinna, og kan overføre nye kunnskap til andre ressursar.

Til slutt vil eg nemne L. Buell, som i si bok The Enviromental Imagination peikar på at det moderne mennesket er framandgjort frå naturen. Vi må finne attende til naturen for å kunne løyse alle miljøutfordringane som vi står overfor no. Utstillinga på Jernvinnemuseum på Hovden bidrar til vår miljømedvit og skuvar oss vekk frå antroposentrisk tenking.

Bli med i samtalen

4 kommentarer

  1. Fint innlegg!
    Innlegget startar med ei interesserande problemstilling om korleis naturen si rolle kan sjåast i museumsutstillingar. Eg synest det er interessant at du grip fatt i samanhengen og spenninga mellom natur og kultur i starten av innlegget – ein får lyst til å lesa vidare.
    Innlegget ditt er opplysande, eg lærer fleire ting eg ikkje visste frå før. Samtidig har du eit kritisk blikk på historia når du spør: kor går grensa for ressursutnytting av naturen?
    Det er eit vanskeleg spørsmål å svara på, men du skisserer ein god inngang.
    Mot slutten av innlegget samanliknar du jernproduksjonen med dagens bruk av naturressursar. Det å setja våre eigne liv inn i eit historisk perspektiv, hjelper med å reflektera rundt problemstillinga. Korleis har dømesvis Bykle endra seg på desse åra, kva ser me på som galt i dag, som kanskje var rett før?

  2. Eg opplevde at det var lærerikt å arbeide med denne oppgåva. Det er interessant å sjå på utstillinga frå eit nytt perspektiv, noko som gir eit djupare innblikk i tema.

  3. Takk for et veldig interessant innlegg – nå fikk jeg selv lyst til å besøke museet og ikke minst gå «Vikingvegen» 😊 Det er flott at du knytter sammen museumsutstillingen og det omgivende landskapet ved å også trekke inn turstien i analysen din, og fotografiene hjelper mye for å få en bedre forestilling av det du beskriver. Du formulerer også en klar problemstilling og trekker inn en del av de teoriene vi har lest og diskutert i emnet. Jeg er likevel litt usikker angående hvordan du bruker Ulrich Beck sin teori om risikosamfunnet, som du kobler til utbygging av vannkraft – det passer kanskje ikke helt, for Beck sin teori handler jo primært om «usynlige» risikoer som både rammer det menneskelige og det ikke-menneskelige. Og så høres det logisk ut at utstillingen (og «Vikingvegen»?) formidler et mer antroposentrisk perspektiv om framskritt gjennom/i sammenheng med jernutvinningen, men samtidig skriver du at naturen vises som «ein aktør i seg sjølv». Dette sistnevnte hadde jeg gjerne fått noen belegg for, slik at det blir lettere å forstå hva du mener med det. Samspillet (eller kanskje også av og til motsetningen?) mellom «fortellerstemmen» i utstillingen (og på skiltene på Vikingvegen?) hadde jeg gjerne også hørt enda mer om, og jeg tror at du kunne hatt god nytte av Dolly Jørgensen sin artikkel om økokritisk og miljøhistorisk analyse av museumsutstillinger. Men bra gjort – dette var gøy å lese 😊

  4. Takk for tilbakemeldingen! Mens jeg jobbet med denne oppgaven, fikk jeg så mange tanker at det til slutt ble vanskelig å velge det som er viktigst, siden antall ord er begrenset. Derfor ble infoskiltene bare kommentert i liten grad. Jeg ser nå at jeg burde ha prioritert annerledes. Når det gjelder artikkelen til Jørgensen, synes jeg at den passer best til zoologiske utstillinger, siden den handler om en gigantisk skilpadde. Jeg skal lese den på nytt, og se hvordan jeg eventuelt kunne ha brukt den i teksten min.

Legg igjen en kommentar