I Monsen og nasjonalparkene er Lars Monsen på tur rundt i ulike nasjonalparkar i Noreg. Han besøker Øvre Pasvik og Varangerhalvøya i Finnmark, Gutulia i Innlandet, Dovrefjell-Sunndalsfjella i Møre og Romsdal, Børgefjell som går på tvers av fylkesgrensa mellom Trøndelag og Nordland, og Svalbard. Gjennom serien reiser Monsen gjennom sentrale og verna naturområde i store delar av landet, med eit fokus på og eit ynskje om å visa dei fram til folket og å hylla både naturen og menneska som har bevart han i alle år. For Monsen kjem det fram at desse urørte naturområda er ein kampsak: TV-serien er via til å overtala om kor verdifulle og viktige desse områda i landet vårt er.
I fyrste episode av Monsen og nasjonalparkene er Lars Monsen på tur i Pasvik, som ligg i Finnmark, på grensa til Finland og Russland. Her besøker Monsen Øvre Pasvik nasjonalpark, eit naturområde som er verna og som strekk seg over landegrensene til Finland og Russland frå norskesida. Lars Monsen verkar til å ha same prosjekt med denne serien som med andre han har laga tidlegare: å visa fram landet frå sine beste sider, og særleg å visa fram landets urørte natur og kor viktig det er å fortsetja å bevara desse verdifulle naturområda. Nasjonalparken i Pasvik vart oppretta i 1970, og er til for å beskytta skogområde som i alle år har vore verna og tekne vare på av dei lokale. Serien legg klårt fram eit syn på naturen som verdifull og verd å verna, men òg som ein stad kor menneske kan trekkja seg tilbake og erfara dei gode sidene ved livet; friluft, stille og dyreliv.

Frå eit økokritisk perspektiv er Monsen og nasjonalparkene eit godt og spanande analyseobjekt. Økokritikken handlar, slik Furuseth og Hennig formulerer det i Økokritisk håndbok, om å «synliggjøre skjulte strukturer og tenkemåter for å bevisstgjøre og skape endring». I tekstar (multimodale eller ikkje) som økokritikken studerer, er det på ein eller annan måte kommunisert ein bodskap om natur, miljø eller berekraft, anten kritisk eller ikkje. Monsen og nasjonalparkene er ein serie som har ein klår agenda og ynskjer å spreia eit positivt og etisk «riktig» natursyn. Noko anna sentralt i økokritikken, skriv Furuseth og Hennig vidare, er studiet av forholdet mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege. I detta blogginnlegget ynskjer eg vidare å undersøkja kva syn som kjem fram av Monsen og nasjonalparkene. Kva perspektiv, tenkjemåtar og «skjulte strukturer» ligg latent eller manifest i serien, og korleis kan detta uttrykket lesast frå ei økokritisk vinkling?

I eit slikt perspektiv er det òg interessant å vurdera kva for eit naturbilete som kjem fram i Monsen og nasjonalparkene. I dagens miljøkrise og med fokuset på natur- og berekraftproblem, har ein i språk- og litteraturfag byrja å setja spørsmålsteikn ved språket me nyttar for å snakka om desse utfordringane. I artikkelen «Nature, Post Nature» set Timothy Clark spørsmål ved omgrep som tilhøyrer miljø- og naturdiskursen. For om me skal snakka om og framstilla saken på rett måte, er det viktig at mottakar og avsendar har eit reflektert og opplyst og nokon lunde likt forhold til det semantiske innhaldet i dei ulike omgrepa. I ein analyse av Monsen og nasjonalparkene, er det særleg nærliggjande å avklåra kva me meiner når me snakkar om «natur». Då er det sentralt at Monsen besøker urørte og beskytta naturområde, ein «urskog». Det Monsen er oppteken av å retta søkeljos mot i denne serien, er dei delane av naturen kor negativ menneskeleg påverknad så godt som er totalt fråverande. Biletet Monsen og NRK legg fram av naturen er idyllisk, harmonisk, balansert og urørt. Samtidig samhandlar Monsen som friluftsmenneske med naturen. Han legg ikkje fram eit perspektiv om at mennesket ikkje skal nytta naturen noko, men at all bruk bør vera respektfull, berekraftig og i størst mogleg grad ikkje merkbar. Biletet av relasjonen menneske-natur som kjem fram i Monsen og nasjonalparkene er eit bilete av samspel, kor mennesket har godt av å ferdast i naturen, men kor mennesket òg er klår over at «me eig ikkje naturen, men naturen eig oss», som Venke Tørmænen formidlar i episoden. Etter Clarks inndeling kan me seia at Monsen held seg til omgrepet natur som det ikkje-menneskeskapte, eller som kulturens motpol. Samtidig kan kanskje Monsen seiast å villa foreina naturen med kulturen, så lenge det vert gjort på riktig måte. Mennesket kan absolutt ferdast i naturen, men me kan ikkje øydeleggja naturen.

I Pasvik har skoltesamane budd lenge og teke godt vare på naturen og naturressursane. I episoden møter Monsen Venke Tørmænen, som er skoltesame. Venke får moglegheit til å formidla skoltesamisk historie og levesett med Monsen og nasjonalparkene: Øvre Pasvik – Gjest i bjørneland. Ho fortel mellom anna at skoltesamane er kjenneteikna av å leva som nomadar, og at ein stor del av tradisjonen deira går ut på å bevara naturen dei lever med. For skoltesamane skal naturen brukast, ikkje forbrukast, seier Tørmænen. Og ho fortel vidare at dei nyttar ressursane dei har tilgjengelege; dei nyttar furubark i matlaginga og dei demonterer husa sine for så å setja dei opp igjen ein annan stad, for ikkje å belasta naturen unødvendig med tømmerhogst.
Episoden er delt i to. I fyrste del besøker Monsen parken om sommaren, og i andre del om vinteren. Kontrastane mellom sommar og vinter kjem klart fram både i bileta, i stemninga og i lydane. Episoden er samansett på ein måte som liksom speglar den naturlege overgangen mellom årstidene. Om sommaren vrimlar det av liv. Monsen gjer poeng utav å fortelja om dyre- og artslivet i Pasvik, han viser korleis han fisker og lagar mat, og han møter Paul Eric Aspholm, ein forskar som jobbar med bjørnebestanden i Pasvik-området og som samlar inn DNA frå bjørnehår for å kartleggja status på bjørnebestanden. Det vert gjort eit stort poeng utav korleis alt i Pasvik går sin vante gang, akkurat slik det er meint til å gå frå naturen si side. Ein kan liksom kjenna at her er naturen urørt, her er han bevart slik han ifølgje Monsen burde vera bevart alle stadar. I Pasvik er der «urskogar», som er sjeldan vare. Detta er skogar som er så gamle og så urørte at trea rekk å døy naturleg utan menneskeleg påverknad. Over heile skogområde ligg det daude tre på bakken, som kan vera veldig mange år gamle. Det kjem tydeleg fram at Monsen med detta ynskjer å visa fram korleis naturen bør sjå ut rundt oss – tenk om alle naturområde hadde vore som detta.
I tillegg til miljø- og naturperspektivet som kjem fram or serien, har Monsen eit klårt menneske- og samfunnsleg perspektiv på livet i den ville naturen. Når han er ute på tur, set opp telt, går rundt i skogen eller ser på stjernene, legg han ut om kor godt og viktig det er for oss menneske med slike pausar i livet, eller frå livet. Korfor slit me alle så mykje med å taka oss to veker fri for å gå ut i naturen og slappa av? Er me verkeleg så viktige at me hadde vortne sakna og at verda hadde stoppa opp om me hadde gjort det i ny og ne?, spør Monsen. Det er me ikkje. Slike turar ut i natur og frisk luft er gode både for kropp og sjel. Monsen påpeikar særleg det å taka seg fri frå skjerm, nettopp frå detta jaget om konstant tilgjengelegheit.

Episoden vert avslutta med ei julefeiring midt i djupaste Pasvikskogen. Det er ei nokså symbolsk avslutting – Lars Monsen feirar jula slik han meiner at jula skal feirast, i fred og ro og i norsk natur, utan alt stresset og maset og gåvekøyret. Bileta er, som i resten av episoden, harmoniske og idylliske – me får lyst til å feira jula slik Monsen feirar ho, eller i alle fall å taka ein skogstur.

Hei, det er eit spennande innlegg!
Du skriv at naturen er noko harmonisk og balansert, og referer til Clark si definisjon. Du understekar samspelet mellom mennesket og naturen. Mennesket kan ferdast i naturen, men må gjere det med respekt og berekraft. Dette er i tråd med fokuset på forholdet mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege.
Du peiker på at serien nyttar bilete, lyd og stemning for å formidle naturens verdi, og du analyserar desse elementa. Naturen blir framstilt som eit stad for ro og refleksjon, noko vi treng for å betre mentalhelsa vår.
I innlegget ditt viser du korleis økokritikk kan brukast i analysen av ikkje-litterære tekster.
Eg må sjå denne serien!
Serien er utruleg god, den anbefalar eg. Monsen har eit fint syn på naturen.
Takk for et godt innlegg! Du gjør godt rede for hvordan det i denne episoden (og sannsynligvis i hele programmet) formidles et harmonisk naturbilde, med naturen som det motsatte av (moderne) menneskelig kultur. Monsen står jo veldig sterkt i friluftslivstradisjonen med opphav i Fridtjov Nansen sine turbeskrivelser og Nansens filosofi om friluftsliv som en slags motvekt til det moderne, stressende livet og som noe som er personlighetsdannende – det blir også tydelig i innlegget ditt. Du formulerer klare spørsmål, men kanskje kunne du ha prøvd å få de «skjulte strukturene» enda tydeligere fram. Kan det også tenkes en mer kritisk lesning av slike programmer – f.eks. som en slags bekreftelse på det nasjonale selvbildet som «naturnære», friluftslivselskende mennesker, og så ironien ved at programmet formidles til folk som mest sannsynligvis sitter inne, foran en skjerm, mens de nyter denne medierte naturopplevelsen? Og hvor tjenlig er det egentlig å holde fast ved forestillingen om «urørt natur», slik Monsen gjør, når alt er direkte eller indirekte påvirket av menneskeskapt forurensing og klimaendringer (jf. Becks teori om risikosamfunnet og teorier om antropocen)? Noe som også hadde vært interessant er å analysere den narrative strukturen i programmet litt dyperegående (for eksempel ved å si mer om fortellerstemmen og kronologi), men det er flott at du påpeker hvordan skiftende årstider brukes som et strukturerende og meningsskapende element. Det er fint med skjermdumpene fra episoden, men de kunne kanskje blitt integrert litt bedre med teksten, f.eks. ved å kommentere hva vi ser på dem. Generelt hadde det vært fint å si litt mer om samspillet mellom de ulike modalitetene og hvordan dette samspillet fremmer det bildet av relasjoner mellom det menneskelige og det ikke-menneskelige som formidles i programmet. Men bra gjort 😊