Minecraft er eit digitalt sandkassespel, som sidan 2011 har vore svært populært blant unge og vaksne speleinteresserte. Omgrepet «sandkassespel» viser til spel der spelaren har stor fridom til å fritt utforske og bevege seg i spelets verd. Den store fridomen ein har, gjer at mogelegheitene for korleis spelet utfaldar seg til ei viss grad blir individuell frå spelar til spelar, ut frå korleis ein sjølv ønsker å spele. I samanheng med Minecraft vil det seie at du mellom anna kan velje å følgje storylinen, der du ved bruk av ressursane rundt deg til slutt vil kome til ei anna verd for å kjempe mot ein drage, eller du kan velje å utforske landskapet gjennom ei nomadisk tilnærming. Mitt inntrykk av Minecraft har alltid vore at det er eit spel som viser korleis ein gradvis kan bygge opp ein busetnad, og korleis ein må nytte ressursane rundt seg, om det er i form av dyr eller i form av mineral, for å overleve. Eg har sett på det som eit spel kor naturen kan brukast akkurat slik du ønsker, og ikkje minst som eit spel som legg til rette for stor kreativitet i bruken av desse ressursane.
Men når eit spel, som mellom anna er spela av unge i ein lettpåverkeleg alder, legg til grunn at heile verda er leikeplassen din, der du fritt kan gå rundt kor du vil og gjere kva du vil innanfor spelets utforming, er det kanskje viktig å ta eit nærare blikk på korleis spelet kan påverke vårt syn på naturen, og ikkje minst vår plass i naturen. Frå eit økokritisk perspektiv er det mange aspekt i Minecraft som kunne vore interessante å undersøke, mellom anna forholdet mennesket har til dyr, monster og objekt i spelet. Likevel er det spelet sitt hovudpremiss eg ønsker å sjå nærare på. Altså at ein som spelar kan bevege seg kvar ein ønsker, og forsyne seg av dei naturressursar ein vil utan konsekvensar. Forskingsspørsmålet mitt er difor: Korleis kjem imperialistiske og kolonialistiske tendensar fram i Minecraft?
I Økokritisk Handbok presenterer Furuseth og Hennig ulike teoretiske retningar innanfor økokritikken. I kapitelet om postkolonial økokritikk får vi innblikk i korleis ein i litteraturen kan tematisere kolonialismens påverknad på kultur og økologi i eit område og miljørelatert urettferdigheit som konsekvens av kolonialismen. Stikkord som villmarksideologi, dei andre, ressursar og langsam vald er sentrale. I forhold til Minecraft tenker eg særleg synet på, og bruken av, naturressursar kan vere interessant å undersøke med eit postkolonialt økokritisk blikk.
At Minecraft har kolonialistiske eller imperialistiske tendensar, vil eg tru ikkje er ein altfor kontroversiell påstand. Det første ein møter som ny spelar er eit naturlandskap, som tilsynelatande er tomt om ein ser vekk frå forskjellige dyr. Etter kvart som ein utforskar meir av verda, møter ein gjerne andre småsamfunn i tillegg til diverse monster som kjem ut på natta. Likevel opplevast størstedelen av landskapet både som urørt og tomt, og med uendeleg tilgang på naturressursar som ein fritt kan ta i bruk. Desse ressursane bør ein nytte for å overleve natta. Det kan vere i form av å bygge eit skjul av jordklossar for å gøyme seg for monstera, eller det kan vere i form av å nytte treverk til å lage våpen og skaffe mat. Bruken av naturressursar gjer at ein enklare, meir behageleg og effektivt klarar å overleve spelet. Etter kvart som ein utviklar meir avansert teknologi ved bruk av meir eksklusive ressursar vil det å drepe monster, og dermed også det å overleve, bli enklare. Utviklinga i kva ressursar ein kan nytte er til ei viss grad hierarkisk. For å kunne utvinne og utvikle reiskapar av diamant, må ein først ha utvikla reiskapar laga av tre, stein og jern. Som spelar må du difor gjennom ulike ledd, der det gradvis vert enklare og enklare å overleve og hevde seg mot motstandarar.
Men sjølvsagt, gjennom dei mange mogelegheitene spelet legg til rette for kan ein også velje å sjå vekk frå naturressursane. Ein kan velje å springe rundt, og å unngå å fokusere på utvikling og vekst. Sjølv om spelet er ope for slike tilnærmingar til Minecraft-verda, er det likevel særleg eitt grep som motiverer til utforsking og utvinning av naturressursar. Dette grepet er innføringa av erfaringspoeng. Erfaringspoeng er poeng du får etter kvart som du gjer nye erfaringar i spelet. Slike poeng kjem som ein positiv stimuli på mellom anna utvinning av nye ressursar, og ved drap av dyr eller monster. Gjennom slike erfaringspoeng vert ein som spelar motivert til å gjere nye erfaringar, og til å stadig utvikle seg i spelet. På denne måten vert ein nesten oppfordra til å sette sitt preg på landskapet, og til å alltid søke etter nye ukjente material, sjølv om du i grunn kanskje har det du treng for å overleve. Frå eit berekraftig perspektiv vil ein jo aldri ha behov for eit sverd laga av diamantar. Det ein treng for å overleve er ein plass ein kan skjule seg, mat og ulike mindre ressursar som treverk, stein og kanskje jern. Spelets utforming, med erfaringspoenga, oppfordrar og motiverer spelaren til å alltid søke vidare etter sterkare og betre material som ein kan bruke til å skape meir effektive reiskapar og våpen. Men kven treng eigentleg eit sverd laga av diamantar?
Om vi kan seie at Minecraft er bygd på imperialistisk tankegods eller ikkje, er opp til kvar enkelt. Personleg har eg lenge hatt den formeining at Minecraft er utruleg lærerikt og historisk interessant i forhold til overleving og utvikling av ressursar, og at det difor også er eit meir givande spel for unge å utforske enn fleire andre spel på dagens marknad. Ut frå eit slikt perspektiv kan spelet opplevast litt som eit slags idyllisert glansbilete av fortidige, eller i alle fall meir primitive, levemåtar, litt som vi møter i Markens Grøde kanskje, der du sjølv bygg opp ditt eige område ved hjelp av dine eigne hender og naturen kring deg. Du lev i pakt med naturen, utan dei teknologiske hjelpemidla som i dag ligg parat om vi skulle behøve dei. Sånn sett kan spelet dermed også vere ein formidlar av ei stolt kulturarv. I kontrast til dette perspektivet, kan vi sjå på spelet med eit utviklingsperspektiv. Altså at ein retter fokuset mot korleis spelet på ulike måtar legg til rette for eit evinneleg jag etter nye, betre og meir effektive reiskapar og material. Om ein først møter spelet med eit slikt perspektiv, kan det vere lett å trekke parallellar mellom naturlandskapet i Minecraft og den tradisjonelle villmarka i kolonialistiske samanhengar.
Til slutt er det igjen viktig å presisere at dei mange mogelege tilnærmingane til spelet kan bidra til å skape ulike syn på forholdet mellom menneske og ikkje-menneskeleg natur. Om ein berre ønsker å gå rundt og observere naturen, vil ein få eit heilt anna syn på forholdet mellom menneske og natur i spelet enn om ein ønsker å bygge seg ein gard, eller om ein ønsker å drepe monster og dyr fordi det er spennande. Som spelar har ein ei enorm mengde handlingsalternativ, der kva handlingar ein vel å gjere, altså kva speleform ein ønsker å bruke, kanskje i større grad enn spelet i seg sjølv er med på å reflektere og forsterke kva natursyn du sjølv sit med.

Dette var en veldig spennende og grundig innføring av Minecraft i et imperealistisk og kolonistisk syn. Jeg synes det var veldig interessant hvordan du sammenlignet spillet med Markens Grøde, var det noe spesielt i spillet som fikk deg til å tenke på Hamsun sitt verk? Det var også veldig kult hvordan du inkluderte erfaringspoeng, som jeg fra før av tenkte som en veldig liten del av spillet, for å vise hvordan spillets utforming er med på å forme spilleropplevelsen og handlingene.
Et spennende innlegg med en interessant vinkling! Selv har jeg aldri sett på Minecraft på denne måten, men dette var absolutt en tankevekker. Jeg likte godt at du deler din oppfatning av spillet og setter dette opp imot de imperialistiske og kolonialistiske tendensene man ellers kan finne i spillet! Definitivt en vinkling jeg kommer til å diskutere med samboeren siden han har spilt masse Minecraft gjennom tenårene
Takk for et spennende innlegg om Minecraft, Lillian. Du har valgt å analysere et spennende spill som har mange aspekter du framhever som relevante fra et økokritisk perspektiv. Du går fint inn i hvordan spillet oppfordrer spilleren til å bruke ressurser, selv om det er mer implisitt en eksplisitt, noe som er en interessant spenning. Det er et veldig interessant aspekt du får fram. Også det at man begynner spillet i et tilsynelatende tomt, pastoralt landskap der man egentlig kan gjøre hva man vil uten mange føringer, er relevant og du diskuterer det på en bra måte. Din tanke om å dra inn postkolonial økokritikk og perspektiver på imperialisme er bra og relevant. Her hadde det vært fint om du hadde klart å få til en tettere forbindelse mellom teori og analysemateriale, fordi de to delene henger ikke så veldig tett sammen. Teorien står litt på siden og er mer i bakgrunnen, mens du går dypt inn i spillet og relevante aspekter. Det hadde vært fint å få det til å henge litt mer sammen, fordi jeg tenker det ligger ganske mye i materialet, også når det gjelder hvilke forestillinger om natur og ressursbruk som ligger implisitt i spillet.
Jeg liker godt hvordan du har gjort analysen din veldig konkret ved å innledningsvis gjøre rede for forskjellige mulige teoretiske vinklinger, for å så konstatere hvilke du vil konentrere deg om. Analysen din inneholder en veldig god beskrivelse av hvordan man kan spille dette spillet, hvor du vektlegger at det er mange forskjellige fremgangsmåter. Dette gir meg, som aldri har spilt Minecraft, et godt utgangspunkt for å forstår og følge deg i drøftingen av hva slags natursyn de forskjellige måtene å spille på kan føre med seg. Det er et godt poeng du trekker frem med disse «erfaringspoengene» i sammenheng med anskaffelse og bruk av naturressurser, som så du videre setter opp mot et imperialistisk/kolonialistisk natursyn. Jeg liker også godt hvordan du sammenlikner natursynet man kan få av å spille spillet med natursynet fra Markens Grøde, og at du her trekker fra hvordan dette natursynet kanskje er en slags idealisering av mennesket i den uberørte villmarken. Jeg synes det er interessant, men også litt forvirrende, hvordan du sette dette opp som en kontrast mot den kolonialistiske tanken om villmarka og utviklingen/utnyttelsen av den. Jeg ser at du ser på de små nyansene i hvordan man tenker og går frem i spillet, men det hadde vært interessant og kanskje mer klargjørende om du hadde kunnet gå litt dypere i hva som skiller de to, og hva gjør den første måten å tenke/spille på til et ikke-kolonialistisk natursyn. Dette selvsagt med forbehold om at du hadde hatt mulighet til å skrive en lenger analyse. Jeg synes at analysen din på en veldig fin måte formidlere de mange måtene man kan spille Mincraft og hva slags natursyn dette kan gi. Jeg liker at du også poengterer nettopp dette avslutningsvis- at det er selve måten man spiller på som avgjør hva slags natursyn man kan ende opp med å få gjennom spillet.
Veldig interessant refleksjon, pluss i boka at det handler om noe så goated som Minecraft. Du viser godt hvordan Minecraft kan forstås i et postkolonialt økokritisk perspektiv, der menneskets frihet til å bruke naturen uten konsekvenser speiler kolonialistiske holdninger til ressurser og landskap. Jeg synes poenget ditt om erfaringspoeng som en slags «økologisk motivasjon» som belønner ressursutnyttelse framfor bærekraft er kjempenice. Det er også kult hvordan du setter dette i kontrast til en mer idyllisk tolkning av spillet, der naturen blir et sted for skaperglede og overlevelse. Kanskje du også kunne sett nærmere på hvordan spillets estetikk, den firkantede og konstruerte naturen, påvirker hvordan spilleren oppfatter naturen i virkeligheten, sammenlignet med hvis det var realistisk grafikk.